Om måkar, orsak, bokmålsbrukarar.

Eg vil seia noko om mitt forhold til bokmålsbrukarar
Eg hatar bokmålsbrukarar
Ikkje heile tida, sjølvsagt

Når dei får utfolda seg poetisk på kvitt papir
eller spring rundt på ei scene
og liknar vakre menneske av plastikk,
då er dei ein naturleg del av samfunnet,
og ein tenkjer ikkje mykje på dei,
verken med hat eller kjærleik

Men når dei opner kjeften og skrik som sjuke sjelar,
kan du sjå heilt ned i deira danske, skamlause innvollar
Hvis ein bokmålsbrukar har eit godt poeng i språkdebattar eller
sidemålspolitikken, og skriv som blekker sprutar om dette,
då kastar dei andre bokmålsbrukarane seg over ho og
“vil være med, vil være med”
Og resultatet blir at debatten renn ut i sanda
og ingen av dei får noko glede av å slakta nynorsken

Bokmålsbrukarar eig ikkje debattkultur; “vil være med, vil være med”
Eg tør ikkje tenke på kva parti bokmålsbrukarar flest held med
Og under sånne forhold tenkjer eg:
Eg er glad eg ikkje skriv bokmål sjølv,
slik at eg heile tida måtte forsvara dansken min mot norsken
Eg ville ikkje skrive bokmål om det var det einaste lovlege

Bokmålsbrukarar er kjende for å forsvara språket sitt
Visstnok heile livet
Dei er kjende for å vera trofaste mot sitt sprog,
og det tykkjer me jo er så søtt
Men eg veit ikkje, eg

Hvis eg hadde vore gift med ein skrikande “vil være med, vil være med”, raudpølseetande partnar, som ikkje veit forskjell på “kj” og “sj”, uansett kor trofast ho hadde vore,
då hadde eg kanskje tenkt at det var like bra
om ho fann ein annan

Nei, gje meg eit språk, som smilar med tennene,
som står i avisene, og glad kjem rennande
mot meg

Eg meiner, som står i avisene og ventar
når eg kjem frå Oslo, eller ein annan preglaus by på Austlandet.

Eg har sett ein søndag i Aftenposten si søndagsavis,
eg har sett det fleire gonger, men også ein søndag i Aftenposten si søndagsavis,
der såg eg eingong eit lesarinnlegg som var valdteke og omsett til bokmål,
og var på trykk midt inne i avisa
Rett etter dødsannonsane, med kunngjeringar på dei neste sidene
Bokmålsbrukarar ter seg som dyr nokre gonger, og, som sagt,
ganske ofte hatar eg bokmålsbrukarar

Eg hatar bokmålsbrukarar, men det er mange ting eg elskar
Og lenge hadde eg det slik at når eg møtte folk som
ikkje hata eller elska det same som meg,
då tenkte eg at dei måtte vera litt galne
Og eg trur at mange har det slik ennå

Riksmålsbrukarar, til dømes, som oppsedar barna sine til ekle,
små, tyggegummiluktande moralistar
som les gjennom den einaste nynorskspråklege landsdekkjande avisa og seier

“æsj, de skriver på et bakstrebersk språk, slik kan vi da ikke ha det i EU” Eg trur at riksmålsbrukarar meiner at målsaka og målfolka kan ta skreppa og munnharpa si og reise til 1800-talet

Som sagt, eg hatar bokmålsbrukarar. Av grunnane nemnd ovanfor.
Men hvis eg møter ein som elskar bokmål,
eller som tykkjer at akkurat bokmål er som fridomen sitt kvite ljos
på himmelen, eller som elskar bokmål fordi han tykkjer
bokmål er stemma til sjølvstendet i ein gjennomregulert stat nord i Europa,
hvis eg møter ein som elskar bokmål, og seier det,
eller hvis eg møter ein riksmålsbrukar som meiner at målsaka
ikkje bør ha adgang til offentleg debatt eller
offentlege skular, men skrive om saka si i eigne pamflettar,
då skal eg prøva å sjå på personen med forståing.
Men lett blir det ikkje.

Dette er eit skamlaust ran av Odd Børretzen si kjende vise. Eg er lei meg for at eg øydela ho, Odd.


Om dette innlegget