Om kritisk journalistikk
“Med kritisk journalistikk meiner vi at ein ikkje skal ta alt ein får opplyst som god fisk, at ein må sjekke om opplysningane ein får stemmer, og at ein skal bruke fleire kjelder.”
Orda kjem frå Jon Peder Vestad ved Høgskulen i Volda.
Men dette er ikkje alltid tilfelle. Ved fleire høve er det blitt kjend at nyhende har vore juks, fordi journalistar ikkje har sjekka fakta godt nok. Eg skal ikkje gå inn på alle desse, men heller nemna ei pågåande sak. I Kongo er to nordmenn arresterte og sit no i ein kongolesisk rettsal skulda for drap. Inntrykket eg har fått av norsk media si dekning, er at det berre handlar om kor fælt og urettferdig det kongolesiske rettssystemet er.
No skal ikkje eg gjera meg til dommar over dommerane og dei andre i rettsalen i Kongo, men eg kan sjå at norsk media har eit poeng. Likevel er det noko som skurrar her. Helge Rønning ved Universitetet i Oslo påpeikte dette for eit par dagar sidan.
For kva i all verda gjer to nordmenn med militær bakgrunn i Kongo? Dei er ikkje på ferie, og dei er knytta til eit tryggleiksselskap. Her er det, som Rønning påpeiker, noko media enten ikkje fortel oss, eller ikkje har klart å finna ut av ennå.
Det er dette kritisk journalistikk handlar om - henta inn informasjon, som gjer eit nyansert og korrekt bilete av ei sak. Det virkar ikkje som om norsk presse har gjort ein altfor god jobb med å dekkja rettsaka i Kongo.
At journalistikken er kritisk og uavhengig er eit teikn på at ein stat er demokratisk. Dersom pressa ikkje får gjort jobben sin på ein tilfredsstillande måte, blir det etterkvart lett for dei med makt å misbruka makta si.
Ei kritisk og uavhengig presse fungerer som ei fjerde statsmakt, og må vera tilstades for å hindra overgrep mot innbyggjerane eller andre. I Noreg har me gode forhold for dette. Ikkje sjeldan har det skjedd at styresmaktene eller andre har snudd i ei sak etter at media har tatt tak i saka.
Me er no ein 14-16 håpefulle journaliststudentar på tredje året. Om me klarar redda verda står att å sjå, men eg lovar at me skal gjera vårt for å servera folk eit nyansert bilete med truverdege kjelder. Og gjennomsjekka opplysningar.
http://www2.hivolda.no/jpv/mediaskalvere.htm
http://www.nrk.no/nyheter/kultur/1.6748854
Om dette innlegget
You’re currently reading “Om kritisk journalistikk,” an entry on Femte semester og forbi
- Publisert:
- 31/08/2009 / 17:07
- Kategori:
- Uncategorized
- Stikkord:
Éin kommentar
Jump to comment form | kommentar-rss [?] | tilbakesporings-uri [?]