Om media og slutten på alt

Legg ut eit innlegg eg skreiv til eit prosjekt me hadde på universitetet i 2008,  til glede for nye lesarar. Som dykk alle strengt tatt er.

Mandag 3. mars hadde Dagbladet på nett følgande overskrift i ei sak: ”Vil denne drepe oss alle?”. Saka var illustrert med eit bilete av ein spiral i ulike fargar. Kjendisastronom Knut Jørgen Røed Ødegaard seier denne spiralen kan grilla alt liv på jorda. Saka dreide seg om ei stjerne som ligg 8000 lysår frå jorda, og som er i ferd med å bryte saman. Når dette skjer vil ei dødeleg gammastråle steike oss alle. Her er nokre sitat frå artikkelen:

-”Det kan bli et spektakulært syn, men også et av menneskehetens siste.”

-”…dersom den glimter så er det bare å pakke sammen.”

-”Et gammaglimt fra denne vil grille alt liv på jorda helt ned til bakterienivå.”

-”Jorda kan nå stå midt i veien for universets kraftigste våpen.”

-”Fra vårt ståsted, så titter vi rett ned i pistolmunningen.”

-”Stjernen kan ha eksplodert for 8000 år siden, og vi ville ikke vite det.”

Hovudbodskapen i artikkelen er at me ikkje kan veta om denne stjerna alt har brote saman, eller om ho vil gjere det. Derfor veit me ikkje om me blir grilla i morgon eller om 10 000 år. Derfor er me ferdige. Det er berre å pakke saman, bruke opp pengane, realisera seg sjølv, kjefte på sjefen, ja, kva som helst eigentleg. Det er nemleg snart slutt.

Eller er det det? Eg er freista til å seie at er det ikkje det eine, så er det det andre. I eit par tusen år nå, har me levd med vissa(?) om at Messias skal koma att, og døma til høgre og venstre. Mange trudde dette skulle skje ved tusenårsskiftet, og dermed koma samstundes med eit enormt datakrasj som ville øydeleggja verda. Men her sit eg og trykkar på ein PC, som rett nok ikkje vil samarbeida veldig ofte, men nokon dommedag kan det knapt kallast. Ikkje blei eg dømd heller.

Året før dette, i 1999, hadde den britiske tabloidavisa The Sun denne overskrifta: ”Nostradamus’ profeti: Meteorregn i 1999 signaliserer den strålende tilbakekomsten til Jesus Kristus.” Når den franske vitskapsmannen, som levde på 1500-talet, blir brukt som grunnlag for ei nyheitssak, er det grunn til å ta det journalistiske med ei klype salt.

Mediahistoria er full av slike artiklar. Invasjon frå det ytre rom, asteroidar, atomkrig, eit ozonlag som går i oppløysing, og no i det siste, global oppvarming.

Det kan virka som om media er gått litt lei av at temperaturen stig med så og så mykje. Det er ikkje ein spesielt dramatisk måte å dø på, då er heller ei enorm stråle frå det ytre rom meir spennande. Alt har ei ende, men om jorda får si i vår levetid skal vera usagt.

Uansett måte me møter vår ende på, er det klart at media vil vera der, og me vil få gode bilete av hendinga. Gjerne i ulike fargar.


Om dette innlegget