Om graving. Med svulstig ordbruk.

Kvifor skal eg bry meg?

Kvifor skal eg sitja i timevis å glo i postlister, berre væpna med kaffi, snus, ein telefon og eit spor?

Kven er det som bryr seg?

Kva forskjell gjer det at eg gjer livet (endå) surare for grå byråkratar som gøymer seg bak paragrafar i offentlegheitslova?

Vel, først og fremst er det stas å sjå eit saftig resultat av arbeidet. Men det har ikkje så mykje med saka å gjer. Det er DU som bryr deg. Ikkje om arbeidet, ikkje om den sure kaffien, ikkje om tallause forsøk på å overtala saksbehandlarar til å gje deg dokumentene. Men du bryr deg om desse. Eller desse.

I nokre tilfelle held det ikkje å ringa operasjonsleiar ved Rogaland politidistrikt. Det held ikkje å vitja ein person med ei sterk historie heime, og laga eit utfyllande intervju, med tilsvar frå ansvarlege instansar.

Ein treng dokument. Ein treng å gjera ein jobb. Ein treng å fortelja ei historie. For kven er det som bryr seg?

Det er du, og det er eg. Det er alle du kjenner, og ikkje kjenner. Gravejournalistikk er undersøking. Undersøking av menneskeskjebner, eller undersøking av forferdelig sløsing med pengar.  Pengar som er mine og dine, og som i god sosialdemokratisk and skal nyttast til det beste for samfunnet.

Det finst eit ordspråk som lyder: “Den som graver en grav skal selv falle i den”. Undersøkande journalistar er nok ikkje dekkja med seks fot med jord, men seks fot papir. Og det er ein god plass å vera, dersom ønskjet om å gjera rett av urett er sterkt.


Om dette innlegget