Om McLuhan. Med hyperlinkar.
Slik eg skriv dette no, er slik du har lest tekst sidan du lærte å lesa. Rett fram, og utan noko dilldall. Einaste ulikskapen på denne teksten og tekst i til dømes ei avis, er at denne er på internett. Verdsveven, ja til og med world wide web, om du vil. Eg vil kome attende til desse forskjellane og kvifor eg nemnar akkurat dette litt lenger ned. Men først:
Marshall McLuhan var ein kanadisk smarting. Mest kjend er han for frasa/påstanden “the medium is the message”. Kort fortald meiner McLuhan at ei kvar melding frå ein avsendar blir påvirka i større eller mindre grad av mediumet meldinga går gjennom, før ho når mottakaren. Nokre døme:
Dersom du les i ei avis om eit sjølvmordsåtak i Swatdalen i Pakistan, vil du danna deg nokre bilete inni hovudet om korleis det var på staden då bomba drap 35 politistudentar. Mest sannsynleg vil alle desse bileta vera heilt feil. Men likevel får du med deg hovudbodskapen i nyheita; nemleg at det på ny er uroleg i det nordlege Pakistan, og at folk no knyttar dynamitt rundt livet og trykker på knappen. Kanskje du til og med får med deg litt bakgrunnsinformasjon, samt at nokre ekspertar uttalar seg. Ein god pakke, sjølv om du kanskje får feil inntrykk av korleis akkurat denne hendinga gjekk føre seg, kan me seia.
Dersom du blir informert om den same hendinga via Dagsrevyen på tv, får du andre inntrykk. Du ser kaos, øydelagde bygningar og bilar, samt ambulansar som hylar att og fram med såra. Inntrykka blir sterke, og ein person med normalt utviklar sjelsevner klarar setja seg inn i situasjonen. Desse bileta kan ofte gjera slik at ein slett ikkje får med seg det som reporteren seier. Ein risikerer å mista viktig bakgrunnsinformasjon. Likevel sit ein att med akkurat den same hovudbodskapen som avislesaren; ein sjølvmordsbombar har teke livet av mange folk i Pakistan.
I dømet ser me at folk får med seg nyheita, men at bodskapen blir farga av mediumet den er gjennom. Då McLuhan kom med påstanda “the medium is the message” for ein del år sidan, stemde nok påstanda godt, og det gjer den forsåvidt også i dag. Men sidan me no lev i ein multimedial kvardag, der svært mange brukar internett kvar dag, gjer dette at ein treng ikkje naudsynt gå glipp av noko, eller få feil inntrykk.
Internett har gjort at alle kjende medium kan kombinerast i eitt. Dersom me no tek dømet ovanfor, kan me tenkja oss at på internett kunne me både lest om saka, fått bakgrunnsinformasjon, sjå video av hendinga, sjå animasjonar og liknande. Ein kvar kan i ro og mak lesa, sjå, trykka og utfolda seg i sitt eige tempo, og sjølv velgja kor mykje tid han eller ho vil bruka på denne saka.
Det som er så fint med internett, ja, faktisk, det som heile internett er bygd opp av er hyperlenker (nei, du går ikkje på syre, eg har faktisk hyperlenka til ei side om hyperlenkar. Fett, æssæ.).
Eg tykkjer gjerne påstanda til McLuhan om at ei kvar melding blir påvirka av mediumet den er gjennom, framleis gjeld. Men internett har gjort denne påstanden til eit artig utgangspunkt for ein diskusjon. Den store, openbare fara med internett og hyperlenkar, er nettopp at ein kan klikka absolutt overalt. Fara for distraksjonar er stor, og det kan fort skje at viktig informasjon ikkje blir lest, fordi folk har “klikkedilla”. Det hjelp ikkje kor kule animasjonar du har, eller kor viktig teksten din er, når folk tar eit kjapt blikk, tenkjer “kjedeleg”, og klikkar seg raskt vidare til youtube.com.
Sånn. Er du her ennå? Godt med ei lita pause? Sidan dette skal vere ein blogg, der innhaldet skal vera kort og lettfatteleg, tenkjer eg me drar ein liten konklusjon. McLuhan sin påstand om at “the medium is the message”, kan me seia gjeld enno, sjølv om me i dag bur i ei multimedial verd. Fordelane ved internett er mange, mellom anna at det blir mogleg å samla alle medium på ein stad. Ulempa er at folk fort blir distrahert grunna hyperlenker, og dermed ikkje naudsynt får med seg det viktigaste i bodskapen.
Eg rår til fanesurfing.
Om dette innlegget
You’re currently reading “Om McLuhan. Med hyperlinkar.,” an entry on Femte semester og forbi
- Publisert:
- 12/10/2009 / 14:16
- Kategori:
- Uncategorized
- Stikkord:
3 kommentarar
Jump to comment form | kommentar-rss [?] | tilbakesporings-uri [?]