Analyse av SA og Agderposten. Med tale om konvergens, eller mangel på sådan.

I Mediehusrapporten for 2009 kjem det fram at finanskrisa har pressa fram forandringar i alle dei norske mediehusa. Dei fleste prioriterer no dei plattformane der dei kan tene mest, nemleg parpiravis og nett. Men også mellom desse to plattformane er det forandringar. Men la oss starta i steinalderen (i IT-år), nemleg i 2007.

Stavanger Aftenblad (SA) i 2007

I følgje Mediehusrapporten for 2007, var det store forskjellar i redaksjonell organisering. Dei ti mediehusa som blei undersøkt, var svært ulike når det kjem til integrering, eller konvergens. Alt i frå separate redaksjonar utan samhandling til tett integrerte redaksjonar var vanleg.

SA blei rekna som eit godt integrert mediehus dette året. ”Juridisk seperasjon og fysisk integrasjon”, karakteriserte sjef for Aftenbladet Multimedia, Sven Egil Omdal, situasjonen som. I 2006 blei fem medarbeidarar flytta frå papir til nett, for å betra satsinga her.

Alt som blei produsert for papir, skulle også kunne brukast for nett (sjå avsnittet om 2009), samstundes med at dei som jobba nett, berre skulle jobba nett. Om spørsmålet om kva som skulle publiserast på nett, og kva som skulle i papir, hadde ikkje Aftenbladet nokre spesielle retningslinjer. For konkurranseutsette nyheiter, var det viktig at nettet blei prioritert, sa nyheitsdirektør Carl-Gunnar Gundersen den gong. Dette opna også for at papiravissakene kunne gå meir i djupna.

Nettsaker kom ofte med i avisa, meir eller mindre uredigert. Gundersen var då ikkje spesielt redd for konkurranse mellom papir og nett.

Agderposten i 2007

I 2007 var Agderposten eit lite stykke frå å vera eit integrert mediehus. Det var planar om meir konvergens i det nye bygget. I 2007 var redaksjonane i Agderposten skild frå kvarandre, reint fysisk. Møteaktivitet med vaktsjefane måtte til for å koordinera arbeidet.

Først i 2006 fekk Agderposten eigne tilsette på nett. Multimedia var i 2007 relativt nytt for sørlendingane. Nyheitsredaktør Oddvar Paulsen meinte nettet hadde låg status internt, grunna den relativt låge alderen på dei som jobba der, og fordi sakene ofte ikkje gjekk i djupna.

Paulsen meinte det ikkje var konkurranse mellom plattformane, sjølv om det av og til blei litt temperatur i diskusjonar om kva som skulle ut på kva plattform. Han meinte dei raskaste plattformane måtte få ut hendingsnyhende først. Dette litt grunna frykt for at VG skulle opprette ei lokal nettside. Dette har førebels ikkje skjedd.

SA i 2008

I 2008 var det meste såre greitt for SA. Det nye bygget var lagd slik at det var eit ope redaksjonslandskap, der informasjon skulle flyta fritt mellom gruppene. I Mediehusrapporten for 2008 var sjefredaktør Tom Hetland optimist på avisa sine vegne, sjølv om han uttrykte uro for at det kom til å bli ulikt tempo i avis og på nett.

I 2008 var SA eit mediehus der konvergens sto i høgsetet. Felles strategiar, felles nyheitsleiarar, medarbeidarane produserte til fleire kanalar samstundes og redaksjonane samarbeida på enkeltsaker. Kanalar som nett og tv blei også meir integrert i redaksjonen, og mediehuset blei sett på som fullt integrert.

Agderposten i 2008

I 2008 hadde Agderposten ei plan om å slå saman nett og tv i ei multimedial gruppe (sjå avsnittet om 2009). Årsaka var å utnytta tv betre når ting skjer, og få ei kontinuerleg, god nyheitsdekning.

Også i Agderposten stod integrering og samarbeid mellom redaksjonane sterkt. Utviklinga frå året før var stor. Dei byrja i 2008 så smått å velga ut kva saker som skulle på nett og kva som skulle på papir. Likevel ikkje i den grad me ser i år.

Einaste forskjell på SA og Agderposten i 2008, var at Agderposten ikkje hadde felles nyheitsleiar og evaluering. Talet på medarbeidarar som hadde multimedial kompetanse var også lågare enn i SA. Mediehuset blei sett på som integrert.

SA i 2009

I rapporten kjem det fram at SA har ein ny publiseringsstrategi, og at to av dei sentrale punkta er at det skal bli mindre dobbeltpublisering, og ulike versjoner av sakene på papir og nett. Innhald som leiarar, anmeldelsar og kommentarstoff blir berre å finna i avisa. Målet er å beskytta papiravisa i vanskelege tider, og å gjera nettet meir ulikt papiravisa.

Nyheitsredaktør Carl-Gunnar Gundersen seier avisa har dobbeltpublisert for mykje, og at avisa og nettet har vore for likt. Den nye strategien skal sørga for at SA klarer å halda brukarane i alle kanalar.

Det er også blitt strengare krav om at alle medarbeidarar skal levere til nett, og derfor trur Gundersen at også nettet vil tene på denne kursendringa.

Økonomien i 2009 har vore vanskeleg for SA. Nedgang i annonseinntektene har ført til kutt i arbeidsstokken og store kostnadskutt. Eit resultat er at TV Aftenbladet no har langt færre medarbeidarar enn før. Økonomien har også tvinga fram ei endring i gruppene. I 2008 var alle redaksjonane samla i eit ope, integrert miljø. I Mediehusrapporten står det:

”Mens redaksjonen tidligere var organisert i et kanalhierarki med egen nyhetsleder for nett, papir og TV, blir det nå en organisering ut i fra fag og geografi.(…) Nyhetsleder papir blir sjef for Stavanger-gruppa. Nyhetsleder på nett skal fortsatt ha ansvar for nettet og disponerer vaktreporterne og frontsjefene på nett, men har ikke egen selvstendig faggruppe. Nyhetsleder nett har ansvar for den løpende nyhetsdekningen og faggruppene skal levere til denne.”

Gundersen meiner rundt 70 prosent av staben jobbar fleirmedialt. Mediehuset sine opplagstal viser at talet på avisabonnentar har vore stabilt i perioda 2006-2008, medan nettet har fått 40 000 fleire unike brukarar i same periode.

Tidlegare sjef i Aftenbladet Multimedia, Sven Egil Omdal, har retta kritikk mot skjerminga av papiravisa. Han meiner at dersom dei eksklusive nyheitene, anmeldelsane, leiarane og liknande berre blir å finna i papiravisa, er dette som å ”høre at en gjeng kusker slå fast at fordi bilen er så mye raskere enn hesten, kan den bare brukes som ambulanse.”.

Agderposten i 2009

I Mediehuset Agderposten er situasjonen annleis. I følgje Medierapporten 2009 er det no papiravisa som blir prioritert, og integrasjonen mellom nett og papir har stoppa opp. Med avgrensa ressursar er det no i stor grad papiravisa som held dei andre plattformane oppe, og mediehuset har sett seg nødt til å prioritera denne.

I 2008 var det planar om å laga ein eigen multimedieredaksjon med nett og tv. Desse planane er no skrinlagde. Årsaka er at dei to plattformane ikkje genererer nok klikk.

Også i Agderposten er det slutt på å øsa saker frå papiravisa ut på nett, slik det er gjort tidlegare. Nyheitsredaktør Peer L. Andreassen seier dette har vore ein feil, og at papiravisa no skal få ha mykje av stoffet for seg sjølv.

Det finst ikkje lenger ein eigen nettleiar, noko Andreassen trur kan føra til manglande fokus på nettet som kanal. Klubbleiar Irene Hegge Guttormsen seier fara er at nettet blir sittande att med småsakene.

Også i Agdersposten har det vore økonomiske problem grunna finanskrisa, men her har dei førebels ikkje redusert arbeidsstokken.

I Agdersposten er det langt færre som jobbar multimedialt kvar dag i forhold til SA. Berre rundt 15 prosent, meiner mediehuset sjølv. Andreassen seier dei ønskjer seg at fleire produserer multimedialt, men sidan papiravisa no blir prioritert har ikkje dette vore mogleg.

Andreassen trur mediehuset kanskje må ta eit val i framtida; nett eller papir. Han forventar at nedgangen i talet på lesarar av papiravisa vil halda fram, og ser også at talet på brukarar som er innom nettsida nærmar seg eit tak.

Om framtida

Mediehusrapportane gjennom tre år har gjeve eit dramatisk bilete av utviklinga. I 2007 var dei fleste mediehusa integrerte, eller godt i gong med dette. I 2008 var det full konvergens i så godt som alle dei 10 analyserte mediehusa, og generelt god stemning i teig.

Dette året har vore dramatisk for dei fleste, med nedskjæringar i budsjetta, og større kontrollering av kva stoff som skal på kva plattform. Nokre mediehus, som Agderposten, er svært så pessimistiske på nettet sine vegne.

Som rapportane har vist, er det svært vanskeleg å spå om framtida. Men tala viser tydeleg at det er færre som les papiraviser, og at fleire vitjer nyheitsnettsider på nett. Om papiravisa kjem til å døy ut, skal vera usagt. Eg trur det, men vil ikkje gje noko tidsperspektiv. Konvergens, der alle media er samla på ei nettside, skaper nye utfordringar for mediehusa, men gjer også store moglegheiter til å få eit aktivt publikum. Interaktivitet kan gje gode tips til nye saker, og tips til forbetringar. I tillegg kan publikum sjølv bidra med bilete, videoar og kommentarar.

Tidlegare multimediasjef i SA, Sven Egil Omdal, skreiv i april i år ein kommentar i Adresseavisa, der han tok til orde for ei auke av pressestøtta, for å betra den kritiske  økonomiske situasjonen. I artikkelen kritiserer Omdal professorane Hans Jarle Kind ved Handelshøgskolen og Helge Østbye ved UiB. Dei to vil forsterkar pressestøtta, men berre gje den til papiravisene og la nettet seile sin eigen sjø, og konkurrera med store selskap som Google.

Omdal skriv: ”Det er som å forsterke diket en stund etter at hundreårsbølgen har skyllet over det.”.

Eg trur at nettet er framtida. Men det er vanskeleg å halda det gåande, når den økonomiske situasjonen ikkje gjer rom for satsing både på nett og papir. Framtida vil koma, enten me vil eller ikkje. Det er berre eit spørsmål om tid.


Om dette innlegget